| Grunnboksutskrift | Bestilling på internett | ||
| Bestillingsskjema for faks/brev |
|
||
| Kopi av tinglyst dokument | Bestillingsskjema for faks/brev |
|
Grunnboksutskrift
Ei grunnboksutskrift er ei utskrift av grunnboksbladet til ein burettslagsandel, og gir oversikt over kva dokument som er
tinglyst på andelen. Utskrifta viser kven som har tinglyst heimel til andelen, eventuelle pengehefte og anna. Utskrifta viser
også kva år burettslaget blei registrert i grunnboka.
Det finst to typar grunnboksutskrifter for andelar i burettslag:
Vanleg grunnboksutskrift
Aktiv grunnbok inneheld ei liste over alle dokument som er tinglyst på andelen som framleis har rettsvern.
Historisk utskrift
Historisk utskrift gir ei liste over dokument som har vore tinglyst i grunnboka og som deretter har blitt sletta. Bestilling av historisk utskrift kan du berre gjere manuelt ved å senda inn bestillingsskjema. Du må uttrykkjeleg spesifisera i merknadsfeltet at bestillinga gjeld historisk utskrift.
Kopi av tinglyst dokument
Ved tinglysing blir ein gjenpart (kopi eller avskrift) av det tinglyste dokumentet arkivert hos Statens kartverk. Arkivet
blir også kalla "panteboka". Du kan bestille kopiar av gjenpartane ved hjelp av vårt bestillingsskjema.
Ekspedering og betaling
Grunnboksutskrifter kan du bestille elektronisk på internett ved å følgje linken ovanfor, eller du kan sende inn bestillingsskjema
via faks eller brev. Elektronisk bestilling blir betalt med bank- eller kredittkort, og grunnboksutskrifta blir sendt til
kunden via e-post. Stadfesta utskrifter blir sendt pr. post. Manuelle bestillingar blir behandla i løpet av 1-2 veker, og
faktura blir ettersendt.
For spørsmål om ekspedering og betaling av elektroniske grunnboksutskrifter, ta kontakt med leverandøren sitt kundesenter på tlf.: 24 13 35 50 (Infoland).
Prisar
| Grunnboksutskrift via internett | kr 82 |
| Grunnboksutskrift via ordinær post | kr 172 |
| Historisk grunnboksutskrift | kr 40 |
| Kopi av tinglyst dokument | kr 172 |