Stortingsmeldinga Norge Digitalt - et felles fundament for verdiskaping la opp til et breitt samarbeid mellom dei store offentlege geodataaktørane, både i datagrunnlag og tal på deltakarar. Desse
aktørane samarbeider no fagleg, praktisk og økonomisk om å etablere, forvalte og tilretteleggje geodata i ein nasjonal infrastruktur.
Partane i samarbeidet er offentlege etatar og selskap som sjølve er ansvarlege for produksjon av geodata, og offentlege etatar
som er store brukarar av informasjonen. Kommunane er den viktigaste aktøren, og organiseringa må sikre at dei engasjerer seg
breitt. Sjå elles nettsidene til Norge digitalt.
![]() |
Noreg digitalt skiljer mellom basis geodata og tematiske geodata. Det er naturleg å følgje det i organiseringa for Møre og
Romsdal. Vi har derfor laga eit Geodatautval med to underliggjande arbeidsutval, eit for basis geodata og eit for tematiske geodata.




