|
Kva format skal ein nytte for å laga kommuneplanar? |
|
| Kvar er det blitt av ftema, ltema, ptema og ttema? Svar: I sosi 4.0 er dei numeriske temakodane tatt bort, og ein skal berre nytte OBJTYPE. |
|
| Kva er sosi, og kvifor bør ein nytte sosi? Svar: SOSI (Samordna Opplegg for Stadfesta informasjon) er eit dataformat som er ein norsk standard, og som er utvikla for utveksling av digitale geodata. Formatet er produktuavhengig, dvs. ein kan nytta formatet uansett kva kartforvaltningsprogram ein har. Sosi gjer utveksling av data mellom ulike partar enkel. |
|
| Kva er arealstatus (AREALST), og kvifor bør ein ha det med? Svar: Det bør skiljast mellom planlagde og eksisterande byggjeområder, slik at det klart går fram kva som er nye byggjeområder, og kva områder som til dømes er ferdig utbygd. |
|
| Kva skal vere med på kartet til kommuneplanen sin arealdel? Svar: For kommuneplanen/-delplanen sin arealdel omfattar plandata arealbrukskategoriar og reglar etter pbl § 20-4 som er stadfesta, samt eventuelle stadfesta konsekvensar av planen sine føresegner, jf. pbl § 20-1. |
|
Kva består ein digital kommuneplan av? NB: Det vil komme ny rettleiar for planar som er laga etter den nye Plan- og bygningslova. |
|
| Kva målestokk bør ein digital kommuneplan ha? Svar: Kommuneplanen sin arealdel er ein oversiktsplan, ikkje ein detaljplan. Ved utteikning og presentasjon av planen må målestokken vere liten nok til det gjer ein god oversikt over arealbruken, men samtidig stor nok til at den dekkjer behovet for presis stadfesting av plantema. Presentasjonsmålestokk for plankartet bør normalt vere 1:20 000 eller 1:50 000. For store kommunar med einsarta arealbruk og enkle forhold kan det unntaksvis nyttast 1:100 000 eller 1:250 000. I dei tilfella der ein så liten målestokk ikkje gjer god nok detaljering av arealbrukskategoriane, bør byggjeområder ol. presenterast på utsnitt i målestokk 1:5 000 eller 1:10 000. Ved val av målestokk må ein ta hensyn til at plankartet skal kunne produserast i eit større antall. Derfor bør ein halde det innan eit maksimalt trykkeformat (70 x 100 cm). |
|
| Kva kartgrunnlag bør ein nytta i ein kommuneplan? Svar: Ein bør nytta eit mest mogeleg oppdatert kartgrunnlag i målestokk 1: 5 000 - 1:50 000 (FKB - N50). Dette avhenger av nivå på detaljeringa i kommuneplanen/-delplanen. |
|
| Kvifor bør ein ha digital kommuneplan? Svar: Ein anbefalar at kommuneplanen er digital. Det er fleire fordelar med ein digital plan framfor ein analog plan. Kommunal sakshandsaming (m.a. byggjesaker og plansaker) vert meir effektiv. Det er ikkje naudsynt med ny konstruksjon neste gong planen skal rullerast, planen kan leggast ut på internett, ein kan ta utsnitt av planen for vidare bearbeiding, fleire planar kan samanstillast etc. |
|
| Er ein plan på PDF-format digital? Svar: PDF (Portable document format) er ein form for vektor-format, men koordinatane vert ikkje teken vare på i dette formatet. PDF er i utgangspunktet eit utskriftsformat for dokument, og sørgjer for at utskrifta (t.d. kartbilete) alltid vert identisk med slik det vart skapt. PDF er godt egna for presentasjon av kartdata, til dømes på internett. Formatet vert ikkje nytta for utveksling av data som skal nyttast i GIS- eller DAK-system. |
|
| Kva er typiske raster-format? Svar: Vanlege raster-format er t.d. JPEG/JPG, GIF, TIFF/TIF, og EPS. |
|
| Kva er typiske vektor-format? Svar: Vanlege vektor-format er t.d. SOSI, quadri, geobase, DXF, DWG, Shape, Cover, ISIFF/DGN. |




