Pilotprosjekt frå matrikkel- til vegadresser

[ Av: Grethe Thoresen. Publisert: 07.01.10, oppdatert: 26.10.11 ]

I haust har Statens kartverk saman med 16 kommunar starta eit pilotprosjekt knytt til omadressering frå matrikkel- til vegadresse.

Pilotprosjekt frå matrikkel- til vegadresser

Statens kartverk og deltakande kommunar har starta eit pilotprosjekt med mål om å hauste erfaring knytt til prosessen med å omadressere frå matrikkel- til vegadresser. Målet er å få laga ei handbok som saman med adresseveiledaren skal vere ei god hjelp i dette viktige arbeidet. Arbeidet skal avsluttast sommaren 2010. Så snart dette rammeverket er på plass vil Kartverket arbeide målretta med ein planmessig overgang for alle kommunane i landet. For å få ei så brei tilnærming som mogleg har dei deltakande kommunane ulik ståstad og kompetanse på adressering.

Dei deltakande kommunane er inndelt i  tre kompetansesirklar.  

Pilotprosjektet har hatt si første 2.dagars samling på Hønefoss i veke 42 (12. – 13. oktober 2009). Lysarka frå samlinga finn du her.

Pilotprosjektet har hatt sitt avsluttande møte 8. og 9. juni 2010. Lysark frå samlinga finn du her.

Håndbok, matrikkel- til vegadresser

Deltakande kommunar:

Kompetansesirkel 1:

Nes kommune
Modum kommune
Hvaler kommune
Nedre Eiker kommune
Våler kommune

Kompetansesirkel 2:

Surnadal kommune
Aure kommune
Halsa kommune
Gjemnes kommune
Sunndal kommune

Kompetansesirkel 3:

Holtålen kommune
Bjugn.kommune
Tromsø kommune
Åfjord kommune
Namsskogan kommune
Lierne kommune