Ei forklaring er at namna er ein del av språket vårt. Nordmenn er generelt opptekne av norsk språk. Det har samanheng med den kontinuerlege diskusjonen kring den spesielle situasjonen i Noreg med to offisielle rettskrivingar (bokmål og nynorsk) innafor same språket.
Identitet
Ein viktigare faktor er det at vi føler identitet til stadnamna, særleg namna på heimplassen vår, og kanskje aller mest til gardsnamna. Noreg er òg spesielt fordi vi truleg er det landet i verda som har flest gardsnamn i bruk som slektsnamn. Dette er ofte kjelde til konflikt om skrivemåten av gardsnamnet (stadnamnet).
![]() |
Det er ulike reglar for skrivemåten av namnet i funksjon som gardsnamn og som slektsnamn. Slektsnamna er regulerte i lov om personnamn. Som slektsnamn finn vi skrivemåtane Wik, Wiik, Wiig, Wig, Wick, Viig, Vig og Vik, mens berre dei to siste skrivemåtane er gangbare for gardsnamna etter reglane i gjeldande lov om stadnamn.
Kva er normering av stadnamn?
Å normere stadnamn vil seie å gje dei ei skriftform som er i samsvar med dei reglane som gjeld til kvar tid.
Engasjementet og diskusjonen kring skrivemåten av stadnamn er ikkje ny. Heilt sidan 1838 har offentlege "namnekonsulentar" gjennomgått skrivemåten av namn i offentleg bruk, først i matrikkelen (jordeboka), seinare på kart. Ein kartinstruks frå 1870 omtaler problema ein møtte ─ og framleis møter ─ ved fastsetjing av skrivemåte: "... den tidligere gjængse dansk-tyske skrivemaade med bløde konsonanter m.v. maa ikke optages, naar den afviger meget fra udtalen;... At gjenindføre oldsprogets former gaar ikke an, da de i regelen vilde blive uforstaaelige;... Aldeles at følge folke-dialekterne lader sig heller ikke gjøre, da de er saa mange, at et kartverk, som vilde gjengive alle Norske bygders udtale, vilde blive meget broget..."
