Fleirspråklege område

[ Av: Anne Svanevik. Publisert: 02.02.09, oppdatert: 25.11.11 ]

For fleirspråklege område er regelen i lov om stadnamn § 9 andre ledd at samiske og kvenske namn som blir nytta blant folk som bur fast på eller har næringsmessig tilknyting til staden, til vanleg skal brukast av det offentlege t.d. på kart, skilt, i register, saman med eventuelt norsk namn.

Utklipp fra Noregskart



§ 4 i forskrifta gir reglar for geografisk utbreiing av nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk rettskriving.

To fylke, Finnmark/Finnmárku og Troms/Romsa har tospråkleg namn.

Likeins har fire kommunar i Finnmark (Guovdageaidnu/Kautokeino, Kárášjohka/Karasjok, Deatnu/Tana, Unjárga/Nesseby), ein kommune i Troms (Gáivuotna/Kåfjord), ein kommune i Nordland (Divtasvuodna/Tysfjord)  og ein i Nord-Trøndelag Snåase/Snåsa) tospråklege namn. Ein kommune i Finnmark, Porsá?gu/Porsanger/Porsanki har trespråkleg namn samisk/norsk/kvensk.


Ein kommuner til, Lavangen i Troms, høyrer til det samiske forvaltningsområdet, og Sameloven. Denne kommunen har førebels ikkje fått vedteke noko samisk namn.

Les meir