Språk i Noreg

[Publisert: 19.02.09, Oppdatert:26.03.09]
Norsk

I norsk rettskriving har vi to målformer med to sett rettskrivingsreglar; bokmål og nynorsk. Les meir på Språkrådets nettsider under fanen Politikk og fakta.

Tidlegare normeringsregla for stadnamn, frå 1912 fram til Føresegner om skrivemåten av stadnamn i 1957, slo fast at nynorsk  rettskriving (landsmålsrettskrivinga) skulle følgjast. Til dømes skulle ein skrive -vatn og  -skjer over heile landet, jamvel om uttalen var /vann/ og /skjær/.

I dagens regelverk står båe målformer likt. Hovudregelen er at ein skal ta utgangspunkt i den lokale nedervde uttalen og at skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk (bokmål eller nynorsk).

Det er irrelevant å skilje mellom bokmål og nynorsk ved skrivemåten av stadnamn. Innsjønamna Kilevann og Mjøvann i Skien kommune skal til dømes skrivast slik både i bokmåls- og nynorsktekst, medan Botsvatn og Kaldsvatn i Bykle kommune skal skrivast med -vatn.


Fleirspråklege område – samisk og kvensk