Hovudregelen i § 4 i lova er at skrivemåten av stadnamn skal byggje på nedervd lokal uttale, tilpassa rettskrivingsreglane
i norsk (nynorsk eller bokmål), samisk (nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk) og finsk. Men ein skal ikkje alltid følgje vanleg
rettskriving. I rettleiinga til forskrifta til lova står det til dømes at ein som hovudregel skal skrive tjønn og tjenn i staden for tjørn og tjern der
uttalen er slik (punkt 3.1.b)iii i rettleiinga).
Når skrivemåten av eit stadnamn er vedteken etter gjennomført namnesak, blir han lagd inn i Sentralt stadnamnregister. Alle
andre skrivemåtar av namnet er då avslåtte og skal ikkje brukast i offentleg samanheng.
Av dei om lag 800 000 namna i SSR har 100 000 fått vedteken skrivemåte etter lov om stadnamn. Det vil seie at storparten av
stadnamna i Noreg enno ikkje har vedtatt skrivemåte. Det er heller ikkje meininga at alle stadnamn i landet skal gjennom namnesak
etter reglane i lova.
Skrivemåtar som har vore i bruk før stadnamnlova tok til å gjelde 1.7.1991, skal framleis brukast av det offentlege inntil
det eventuelt blir vedteke annan skrivemåte gjennom namnesak.
Inntil vedtak om skrivemåten kan det same namnet ha fleire "godkjente", lovlege skrivemåtar, som alle er registrerte i SSR.
Kodeliste ligg her.
|
Gardsnamnet Fonkalsrud/Fonkallsrud på Ringerike har òg skrivemåten Fonkaldsrud (som truleg er feil) på offentlege skilt. |
|
