Lov om stadnamn med forskrift og rettleiing inneheld detaljerte reglar om saksbehandlinga i stadnamnsaker. Før vedtak vert gjort, skal alle namn ut på høyring i lokalmiljøet.
Dei skal òg til tilråding hjå stadnamntenesta i Språkrådet eller til stadnamntenesta i Sametinget.
Ein skal ta meir omsyn til lokale ynske enn tidlegare, då skrivemåten vart fastsett etter "føresegner om skrivemåten av stadnamn".
Denne tidlegare forskrifta inneheldt reglar om såkalla "riksformer", som skulle brukast over heile landet, uavhengig av målføreuttalen.
Til dømes skulle ein skrive -vatn over heile landet, til dømes Sognsvatn i staden for Sognsvann i Oslo.
Kartverket har utarbeidd ein prosedyre for behandling av spørsmål om skrivemåten av stadnamn mm. Les meir i prosedyren.
Endringar i lova
Endringar i reglane for fastsetjing av skrivemåten for gards- og bruksnamn er på trappene. Bakgrunnen er eit framlegg frå stortingsrepresentantane Olemic Thommessen og Øyvind Halleraker i februar 2008 og påfølgjande vedtak i Familie- og kulturkomiteen i desember 2008 og i Stortinget i januar 2009. Saka gjeld vetorett for grunneigarar i saker om gards- og bruksnamn. I tillegg ynskjer Stortinget å utvide lekmannsrepresentasjonen i klagenemnda for stadnamn.
Det sistnemnde blei gjort gjennom ei forskriftsendring 3. november 2009.
Men ei lovendring tek mange månader:
-
Høyringsnotat skal skrivast og sendast på høyring.
-
Departementet skal vurdere og innarbeide høyringsfråsegner.
-
Odelstingsproposisjon skal skrivast og leggjast fram til behandling i Stortinget.
Kulturdepartementet er igang med arbeidet. Språkrådet (stadnamntenesta) og Kartverket er trekte inn.
I samråd med departementet har Kartverket innført følgjande interne rutinar for behandling av saker om skrivemåten av gards- og bruksnamn fram til lova er endra:
-
I prinsippet skal behandlinga gjerast i samsvar med gjeldande regelverk heilt til det nye er sett i verk. Forvaltningslova pålegg oss ”å avgjøre saken uten ugrunnet opphold”. Men vi bør gjere merksam på det pågåande lovendringsarbeidet og spørje dei som har teke opp saka, om dei ynskjer å leggje saka i ro til det nye regelverket er på plass. I saker der vi gjer namnevedtak, vil det vere naturleg å ta omsyn til haldninga i Stortinget. Samstundes kan vi ikkje gjere vedtak som ikkje kan forsvarast i gjeldande regelverk (gjeldande rettskriving mm).
-
Både Kartverket og Stadnamntenesta bør ”liggje lågt i terrenget” med å reise nye saker til det nye regelverket er på plass.
Sjå notat frå juli 2009 om revisjon av kart og kartnamnbasar i lys av pågåande namnesaker.