Lov om stadnamn

[Publisert: 23.01.09, Oppdatert:22.01.10]
Lov om stadnamn (stadnamnlova) tok til å gjelde 1. juli 1991 og vart endra med verknad frå 1. august 2006. Siktemålet til lova er at eitt og same stadnamn på ein og same staden skal ha ei offisiell form, som skal brukast av alle offentlege etatar (kommunane, Vegvesenet, Posten, NSB, Statens kartverk osv.) i all offentleg verksemd. Denne offisielle forma skal førast inn i Sentralt stadnamnregister (SSR).

Det er ikkje meininga at alle stadnamn i landet skal behandlast på nytt etter lov om stadnamn. Mange namn har allereie ein skrivemåte som er uproblematisk. Etter lova skal det offentlege halde fram med å nytte dei namneformene som er i bruk frå før, inntil det eventuelt vert gjort namnevedtak etter reglane i lova. Les meir

Sjå også forskrifta og rettleiinga til lova.


Kva gjeld lova?

Lova gir reglar for:
Lova gjeld ikkje fastsetjinga av sjølve namnet ("namnedåp").