Stadnamna er symbol eller kjennemerke på ulike lokalitetar, på same måten som personnamna er det på menneske. I praksis spør ein ikkje kva stadnamna tyder, og slik sett kan det vere likegyldig kva for opphav dei har. Mange meiner at jo vanskelegare eit namn er å tolke, dess betre fungerer det som stadnamn. Det er staden, ikkje namnet, som interesserer oss i det daglege. Ut frå denne synsstaden blir forskjellen på stadnamn og personnamn stadig mindre.
Likevel er det ein vesentleg forskjell på stadnamn og personnamn. Stadnamna har som regel opphav i eitt eller anna sermerke ved staden. Haug er eit vanleg ord som finst i norske stadnamn. Felles for dei fleste stadene som er namngitt med dette ordet, er at dei ligg på eller ved større eller mindre avrunda høgder. Byen Haugesund har namn etter "sundet ved garden Haugar".
I prinsippet følgjer stadnamna dei same reglane for lydendringar som resten av språket. Liksom det gamalnorske ordet hlið (fleirtal hliðir) stort sett har vorte li (fleirtal lier) i moderne norsk, vert gardsnamn som vart skrivne Lið på 1300-tallet, skrive Li i dag. Kommunenamnet Lier vart skrive Hliðir og helst Liðir i gamalnorsk. Men fordi stadnamn er fast etablerte nemne på ein einskild lokalitet, og derfor ikkje "lever" på same måten som språket elles, kan dei bli "nedslitne" dei er vanskelege å kjenne att. Derfor er det naudsynt å finne fram til dei eldste formene av namnet når ein tolkar namn.
Av og til kan stadnamn som ser heilt like ut, vise seg å ha ulikt opphav og ulik opphavleg tyding. Det gamle gards- og områdenamnet Holmen (jf Holmenkollen) i Oslo er ikkje bunden form eintall av ordet holme, gamalnorsk holmi, slik det oftast er i stadnamn. Derimot er det sett saman av det gamalnorske holmr og vin "naturleg eng, beite". Eldste bevarte skriftform av dette namnet er (a) Holmin frå 1315. Gamalnorsk holm og holmi kan tyde både "lita øy" og "høg plass på land, haug".
Ei god kjelde for forklaringar til norske gardsnamn er Oluf Ryghs "Norske Gaardnavne".