- tettstader
- grender
- bustadfelt
- bydelar
- kommunale anlegg
- gater, vegar, parkar osv.
Sjå kvalitetssystemet for kommunane i Regionrådet Nordhordland si forvalting av stadnamnlova.
Fordi kommunane er adressemyndigheit etter matrikkellova, vedtek dei skrivemåten av namn som skal brukast i offentleg adressering.
Sjå lov om stadnamn § 5, andre ledd.
Unnatak er gardsnamn og bruksnamn, sjå rettleiinga til forskrift om skrivemåten m.m. av stadnamn,
kap. 3. Kommentarar til forskrifta, 3. Om saksbehandlinga, c) Om bruksnamn som skal vere del av ei offisiell adresse.
Kommunane er høyringsinstans i alle namnesaker i kommunen.
Kommunane har plikt til å kunngjere alle stadnamnvedtak i kommunen, også vedtak frå andre vedtaksorgan. Jf. §9 femte ledd
i forskrift til lov om stadnamn.
Samspel i adresse- og stadnamnforvaltninga
Det er naudsynt for kommunane å få til eit godt samspel i arbeidet med adressering etter matrikkellova og behandlinga av stadnamn
etter lov om stadnamn. Sjå Matrikkel/Adresse, til dømes Adresseveilederen og Adressetillegsnavn.
Eksempel på praksis:
Vegnamn og språkblomar i Giske, henta frå Sunnmørsposten si nettavis.