Grunneigarane
Etter § 8 i lov om stadnamn kan eigar eller festar fastsetje namn på eige bruk. Men denne retten er avgrensa av regelen "Eigar
eller festar har likevel ikkje rett til å endre eller byte ut bruksnamn som kjem inn under andre ledd, dersom ikkje særlege
grunnar talar for det". Særlege grunnar kan vere "at namnet lett kan bli forveksla med eit anna namn i nærleiken", eller "at
namnet er nedsetjande og ei byrde for dei som bur på staden (t.d. Pina, Sveltihel)", sjå rettleiinga til forskrift om skrivemåten m.m. av stadnamn, merknadene til §§ 8 og 3 i lova.
Andre ledd seier: "Skrivemåten av gardsnamn og bruksnamn som språkleg og geografisk fell saman med nedervde stadnamn, eller
med andre stadnamn som etter reglane i denne lova eller i andre lover og forskrifter skal brukast av det offentlege, skal
fastsetjast etter reglane i §§ 4 til 6." Det inneber at Statens kartverk vedtek skrivemåten for desse namna. I realiteten
gjeld det dei fleste gardsnamn og gamle bruksnamn i landet.
Lova § 6 seier at "Eigar eller festar har rett til å uttale seg i saker som gjeld bruksnamn. Eigar eller festar har òg rett
til å uttale seg i saker som gjeld gardsnamn, når skrivemåten av gardsnamnet skal vere retningsgivande for skrivemåten av
bruksnamnet. Synspunkta til eigaren skal tilleggjast særskild vekt." "Saker som gjeld gards- og bruksnamn, skal eigar eller
festar få tilsendt direkte frå kommunen."
At synspunkta til eigaren skal tilleggjast særskild vekt, tyder ikkje at dei skal tilleggjast avgjerande vekt. Kartverket
kan ikkje gjere vedtak som ikkje kan forsvarast etter regelverket elles, t.d. hovudregelen om å følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp.
Sjå saksbehandling og nyhetssak om stortingsbehandlinga.
Andre statlege etatar
Lov om stadnamn § 1 tredje ledd slår fast at lova gjeld ”bruk av stadnamn i selskap som det offentlege eig fullt ut og i læremiddel
som skal brukast i skolen”.
Etter endringane i lov om stadnamn frå 2005 er det Statens kartverk som fastset skrivemåten av stadnamn på vegner av andre
statlege etatar, t.d. namn på Kystverket sine fyr og Vegvesenet sine bruer og tunnelar. Sjølve namnevalet gjer etaten sjølv.
Kartverket er i gang med å utvikle prosedyrar for dette arbeidet. Vi hadde møte med Kystverket i Ålesund i 2008 og planlegg
møte med andre etatar i 2009, i samarbeid med Stadnamntenesta i Språkrådet.
Stadnamntenesta
I namnearbeidet har Statens kartverk eit nært samarbeid med Stadnamntenesta i Språkrådet. Stadnamntenesta for kvenske namn er òg organisert under Språkrådet. Den samiske stadnamnetenesta er ein del av Sametinget.