Statens kartverk er ein stor brukar av stadnamn. Og stadnamn engasjerer. Når nye produkt kjem på marknaden, får knapt noko anna tema så mykje merksemd som namna. Kartverket får tilbakemeldingar om namneutval, namneplassering og om skrivemåten av namna. Og det kjem presseoppslag av typen:
Fint nytt kart frå Statens kartverk. Men mange namnefeil. "Alle" har ei meining om namn og korleis namna skal skrivast.
Sjå meir om namn i Kartverket sine produkt under kart og produkt, stadnamn og fagområde, nasjonale kartdata.
Trass i at vi har eit forvaltningsansvar etter lov om stadnamn og er ein stor brukar av stadnamn, bestemmer vi ikkje kva ein stad heiter.
Oppgåva for Kartverket er å
- innhente informasjon om faktisk namnebruk
- fastsetje skrivemåten av naturnamn og nedervde gards- og bruksnamn
- drifte Sentralt stadnamnregister (SSR)
Dei to sistnemnde oppgåvene har vi fått gjennom lov om stadnamn frå 1990. Etter endringane i lovafrå 2005, fastset vi også skrivemåten for andre statlege etatar, t.d. namn på Kystverket sine fyr og Vegvesenet sine bruer og tunnelar. Sjølve namnevalet gjer etaten sjølv.
I praksis tyder dette at Kartverket vedtek skrivemåten av dei fleste av namna som vert brukte på kart. Denne vedtaksretten
er delegert til dei einskilde fylkeskartkontora.