Kva er stadnamn og korleis vert stadnamn til?

[Publisert: 23.01.09, Oppdatert:25.03.10]

Stadnamn kan definerast på ulike vis. Ifølgje definisjonen i lov om stadnamn er dei ”namn på geografiske punkt, liner og område som kan kartfestast”. Eit stadnamn fortel oss kva eit større eller mindre geografisk område heiter. Stadnamna har såleis ein terrenglokaliserande funksjon og ein adressefunksjon. Dei kan vere namn på naturlokalitetar (t.d. innsjøen Mjøsa og fjellet Norefjell), menneskelaga formasjonar (t.d. åkrar og vegar), administrative område (t.d. kommunenamnet Ringerike) og på gardar, bruk og bygningar.

Stadnamn er òg språklege uttrykk som i uttale, grammatisk form og ordbruk følgjer målføret på staden. At stadnamn såleis er språklege immaterielle kulturminne, er slått fast i første setninga i formålsparagrafen til lov om stadnamn, der det står at ”Formålet med denne lova er å ta vare på stadnamn som kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk og tenleg, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna”.

Korleis vert stadnamn til?

Tradisjonelt har stadnamn oppstått ved at folk har nytta eit språkleg uttrykk, eller ei nemning, om ein stad gjennom ei viss tid, slik at nemninga har festa seg som namn på staden. Enno kjem nye stadnamn til ved ein slik naturleg framvokster. Men ein stor del av stadnamna oppstår i dag ved kommunale skrivebord. Dette gjeld særleg nye gate- og vegnamn. I eldre tid vart dei fleste stadnamna overførte munnleg frå den eine generasjonen til den neste. Også i dag lærer folk mange stadnamn gjennom munnleg overføring, men i aukande grad er det skriftmålet og dei skrivne formene av namna, t.d. på kart og skilt, som ligg til grunn for læringa.

Meldingar om namnefeil

Når Statens kartverk får melding om feil namnebruk (feil namn, feil plassering eller feilskriving av namnet), vil vi prøve å rydde opp. Viss det er naudsynt, vil vi reise namnesak etter lov om stadnamn. Loven gjev reglar om kven som har rett til å reise namnesak.

Kvar finn ein korrekte stadnamn?


Ein kan søkje opp offisielle skrivemåtar frå Sentralt stadnamnregister (SSR) via Noregsglaset. Offentlege etatar har i tillegg direkte innsynsrett i SSR som deltakarar i Noreg digitalt.

Skrivemåtar som har vore i bruk før stadnamnlova blei gjort gjeldande 1.7.1991, kan brukast av det offentlege inntil annan skrivemåte blir vedtatt gjennom namnesak. Det same namnet kan derfor ha fleire ”godkjente”, lovlege skrivemåtar, som alle er registrerte i SSR.

Stadnamn er kulturminne

Stadnamn er òg språklege uttrykk som i utale, grammatisk form og ordbruk følgjer målføret på staden. At stadnamna såleis er språklege immaterielle kulturminne, er slått fast i første setninga i formålsparagrafen til lov om stadnamn, der det står at "Formålet med denne lova er å ta vare på stadnamn som kulturminne, gi det ei skriftform som er praktisk og teneleg, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna".