Offentleg namnebruk
Når skrivemåten av eit stadnamn er fastsett etter lov om stadnamn og ført inn i Sentralt stadnamnregister, skal han brukast av eige tiltak av dei som er nemnde i § 1 tredje ledd i lova (stat, fylkeskommune, kommune, selskap som
det offentlege eig full ut, læremiddel som skal brukast i skulen).
Når private kartprodusentar lagar kart for det offentlege, pliktar oppdragsgivaren å syte for at kartprodusenten bruker fastsette
skriftformer. Sjå Informasjon til kartprodusentar under lenkja Kvar finn ein korrekte stadnamn? Det gjeld og når andre lagar materiale som inneheld stadnamn for eit offentleg organ.
Privat namnebruk
Kommentarane til § 1 i lov om stadnamn slår fast at lova ikkje gjeld når private rettssubjekt skriv stadnamn, bortsett frå
når dei fungerer som forvaltningsorgan, jf. § 1 i forvaltningslova. Det inneber til dømes at ein grunneigar ikkje har plikt til å nytte vedtekne skrivemåtar av gards- og bruksnamn i firmanamn,
eller når han set opp private skilt eller ein stein med namnet ved innkjøringa til garden. Kommunen må derimot bruke vedtekne
skrivemåtar i verksemda si (sakspapir, skilt, adressering, kart osv.).
Private firma (hotell, turisthytter og liknande) kan nytte ein annan skrivemåte enn den offisielle, til dømes Sundvolden Hotel.
Stadnamnet vert skrive Sundvollen, og "hotell" har to l-ar i norsk rettskriving.
| Foto: Kari-Anne Bråthen |
![]() |
| Kartbilde fra Geonorgeportalen |
