Val 2011

[ Av: Trond Olav Vassdal. Publisert: 10.01.11, oppdatert: 09.02.11 ]

Kommunestyre-, fylkestings- og kyrkjevalet 2011 er fastsett til måndag 12. september 2011. For å få riktige valmanntal må dei aktuelle valkrinsane og soknekrinsane vere oppdatert i matrikkelen.

Fylkestingsvalet og kommunestyrevalet 2011 er måndag 12. september 2011. I tillegg kan kvart einskild kommunestyre vedta at det også skal haldast val søndag 11. september. Meir informasjon ligg på valportalen Valg. no (  http://www.regjeringen.no/nb/dep/krd/kampanjer/valg.html?id=456491 ). Samstundes vert kyrkjevalet 2011 halde, sjå http://www.kirken.no/?event=doLink&famID=121048 .

Dei lokale valstyra i kommunane har ansvaret for å fastsette valkrinsane. Statens kartverk har ansvaret for at aktuelle adresser får riktig valkrinsident ut frå dei endringsmeldingane Kartverket mottek.

Folkeregisteret (DSF) er ansvarleg for valmanntalet, og hentar adressedata via matrikkelen sitt API.  Frist for endring av valkrinsar er seinast 31. mars, sjå vallova § 9-3 (1). Etter at fristen er gått ut vil DSF kontrollere valgkretsopplysningene i matrikkelen mot opplysningene i folkeregisteret.

For soknekrinsar er det kyrkjevergene som er ansvarleg for at melding om endringar i soknekrinsane vert meldt inn til Kartverket.

For å halde valkrinsoppdateringane àjour fram mot valet vil Kartverket i perioden 27. januar til 28. april oppdatere valkrinsfiler og soknefiler i matrikkelen annankvar torsdag .