Tinglysing i burettslagsandelar

Generelt om tinglysing

Kontaktinformasjon

Tinglysingstelefonen

32 11 88 00 (08.00 - 14.00)

e-post: tinglysing@statkart.no

Telefaks fast eiendom 32 11 88 01

Telefaks borettslag 32 11 86 02

 

Nyhetsbrev

Påmeldingsskjema


Adresse fast eiendom:

Kartverket Tinglysing
3507 Hønefoss

 

Besøksadresse fast eiendom:

Kartverksveien 21, Hønefoss

Ekspedisjonstid kl 09:00 - 14:00

 

Adresse borettslagsandeler:

Kartverket Ullensvang

Tinglysing borettslag

5788 Kinsarvik 

Tinglysing av nyoppretta burettslag

[ Av: Espen Blomdal. Publisert: 17.11.06, oppdatert: 18.03.10 ]

Lov om burettslag (brl.) kapittel 6 blei sett i kraft 1. juli 2006. For burettslag som er stifta før denne datoen finn vi reglar om innregistrering i grunnboka i brl. § 14-9. Burettslag stifta etter denne datoen skal tinglysast etter reglane i kapittel 6.

Etter brl. § 6-1 (1) skal andelane i burettslaget tinglysast i grunnboka. Styret i burettslaget pliktar å tinglyse andelane, og det kan medføre erstatningsansvar om dei ikkje gjer dette, jf. kapittel 12. Det følgjer dessutan av pantelova § 4-3a (1) at det berre er andelar som er tinglyste i grunnboka som er gjenstand for pantsetjing.


Ved tinglysing av burettslagsandelane i grunnboka, skal det nyttast standardisert oppsett fastsette av departementet, jf. forskrift om tinglysing § 2 bokstav g og forskrift om standardisert oppsett for blankett til tinglysing § 8.

Blankett for tinglysing av andelar i burettslag


Øvst i venstre hjørne på dokumentet skal ein påføra adresse for retur etter tinglysing. I tillegg til namn og adresse må organisasjonsnummeret til rekvirenten påførast dokumentet. Faktura vil bli sendt til same returadresse på eit seinare tidspunkt. Gebyret for tinglysing av nye burettslag er 5 gonger rettsgebyret, pr. i dag kr. 4300,-.


I del 1 av dokumentet skal ein opplysa om burettslaget sitt namn, adresse og organisasjonsnummer. I tillegg skal forretningsførar sitt namn, adresse og organisasjonsnummer påførast. Talet på andelar skal førast i punkt 2, og skal samsvare med tal på ark i del 2. Skjemaet må underskrivast av alle medlemene i styret eller dei som har rett til å signere for burettslaget, jf. forskrift om standardisert oppsett for blankettar til tinglysing § 2 tredje ledd siste punktum og føretaksregisterlova § 4-3.


Også i del 2 av dokumentet skal ein først føre på burettslaget sitt namn og organisasjonsnummer. Deretter skal andelsnummer påførast i punkt 4. Andelsnummer må bestå av siffer, maksimalt fem. Kommunenummer, gatekode, gatenamn, husnummer, bustadnummer skal også førast i punkt 4 på dokumentet.