Men stadnamna er også ein viktig kulturarv. Dei er kulturminne som fortel oss om tidlegare tiders bruk av omgjevnadene og om samspelet mellom kultur og natur. Og sidan dei er oppstått i lokalmiljøet, er dei del av det lokale talemålet. Stadnamna kan såleis gjeva informasjon om dialekten både av i dag og i tidlegare tider.
Lov om stadnamn av 18. mai 1990 held fram som hovudregel for normering at ein skal ta utgangspunkt i den lokalt nedervde uttalen av namnet og normere i samsvar med gjeldande rettskrivingsprinsipp.
Kva som er rett og føremålstenleg skrivemåte kan det likevel vere delte meiningar om. Når eit kartprodukt vert lansert eller det vert gjeve ut i nytt opplag, er stadnamna, og særleg skrivemåten av desse, den delen av produktet som er utsett for den mest kritiske gjennomgangen av brukarane.
Statens kartverk er vedtaksorgan for alle naturnamn, seternavn og tradisjonelle gards- og bruksnamn. Kartverket har dessutan fått ansvaret for å oppretthalde Sentralt stadnamnregister, som er Noregs offisielle stadnamnregister.



