Det må nyttast standardisert oppsett for tinglysing av heimelsovergang, pantedokument, heimelserklæring ved arv/skifte/uskifte og registrering av andel i burettslag, jf. tinglysingsforskrifta § 2. Blankettar med rettleiing er tilgjengeleg her.
Aktuelle lover og forskrifter:
Burettslagslova kapittel 6
Tinglysingslova
Tinglysingsforskrifta
Følgjande sjekkliste gir oversikt over formelle krav til utfyllinga, og kva rettsgrunnlag dei byggjer på.
- Er dokumentet eit originaldokument?
Det er berre originaldokument som er gjenstand for tinglysing, jf. tinglysingslova § 6.
- Er det lagt ved ein kopi eller avskrift av dokumentet?
Det skal alltid følgje gjenpart med dokument til tinglysing, jf. tinglysingslova § 6. Gjenparten skal vere identisk med originalen, og kan vere ein kopi eller ei avskrift. Dersom dokumentet er utferda av ein bank, advokat eller eit meklarføretak skal dei stadfeste at gjenparten er identisk med originalen, jf. tinglysingsforskrifta § 6.
- Er innsendaren sitt namn, adresse og identifikasjonsnummer påført øvst i venstre hjørne?
Det må være samsvar mellom innsendaren sitt namn på dokumentet og i følgebrevet. Etter tinglysing vil dokumentet og faktura bli returnert til denne personen.
- Er riktig registernemning påført (org.nr og andelsnr)?
Registernemninga for burettslagsandelar er basert på burettslaget sitt organisasjonsnummer (9 siffer) og eit andelsnummer (maks. 5 siffer).Du må føre på rett registernemning på dokumentet som skal tinglysast. Kravet til klare og tydelege dokument følgjer av tinglysingslova § 8.
- Er fødselsnummer/organisasjonsnummer ført på?
Kontroller at den som gir frå seg ein rett og den som mottek ein rett blir identifisert med namn og fødselsnummer eller organisasjonsnummer, jf. tinglysingsforskrifta § 4a.
- Har heimelshavar til andelen skreve under på dokumentet?
Det er berre den som grunnboka utpeikar som heimelshavar som kan disponere over andelen ved tinglysing, jf. burettslagslova § 6-3. Dersom ein annan enn heimelshavar har utferda dokumentet, må heimelshavar samtykkje, helst direkte på dokumentet. Dersom dokumentet er signert etter fullmakt gjeld det visse krav til fullmakta. Sjå sjekkliste ved bruk av fullmakter.
- Har ektefelle samtykka til tinglysing?
Ein burettslagsandel som fungerer som felles bustad for ektefellar/registrerte partnerar kan ikkje overdragast eller pantsetjast utan samtykke frå den andre. Kravet følger av ekteskapslova § 32. Erklæringa om sivilstand må alltid fyllast ut, også for ugifte.
- Er underskrifta stadfesta av vitne?
På heimelsdokument og pantedokument må heimelshavar si underskrift vere stadfesta, normalt av to vitne over 18 år som er busette i Noreg. Enkelte yrkesgrupper kan stadfeste ei underskrift aleine. Reglane om stadfesting av underskrift følgjer av tinglysingslova § 17 og tinglysingsforskrifta § 3. Les meir om krava til vitner.
- Er det påført samtykke ved eventuell uråderett?
Dersom det er tinglyst uråderett (dvs. forbod mot overføring og/eller pantsetjing utan samtykke), må rettshavar etter uråderetten samtykkje på dokumentet.