Styret i burettslaget avgjer om to eller fleire burettslagsandelar skal slåast saman, jf. lov om burettslag § 3-2. Statens kartverk har ingen standardiserte skjema for tinglysing av ei slik samanslåing. Innsendar må følgjeleg laga eit eige dokument som skildrar samanslåinga.
Krav til innhald
Eit dokument om samanføying av burettslagsandelar må innehalde:
- Identifisering av burettslaget og andelane det gjeld - hugs full registernemning, dvs. burettslaget sitt namn, organisasjonsnummer og andelsnummer.
- Identifisering av heimelshavarane til andelane, hugs fødselsnummer (11 siffer).
- Kort forklaring på at det gjeld samanslåing, og informasjon av kva andelsnummer som skal stå att som identifikasjon for den samanslåtte burettslagsandelen.
- Signatur av heile styret i burettslaget eller den/dei som har signaturrett i laget. Namna til dei som har signert bør gjentakast med blokkbokstavar.
- Signatur av heimelshavarene. Namna bør gjentakast med blokkbokstavar.
Formelle krav for å tinglyse samanføying
Andelane som blir slått saman, må ha same heimelshavar.
Samanføyinga må ikkje føre til prioritetskonfliktar mellom panthavarar. Det betyr at pantehefta må vere like på dei andelane som blir slått saman, eller at berre eine andelen er pantsett. Dersom samanslåinga fører til prioritetskollisjon, kan dette løysast med tinglysing av prioritetsviking.
Les meir om prioritetsviking.