Tinglysing i burettslagsandelar

Generelt om tinglysing

Kontaktinformasjon

Tinglysingstelefonen

32 11 88 00 (08.00 - 14.00)

e-post: tinglysing@statkart.no

Telefaks fast eiendom 32 11 88 01

Telefaks borettslag 32 11 86 02

 

Nyhetsbrev

Påmeldingsskjema


Adresse fast eiendom:

Kartverket Tinglysing
3507 Hønefoss

 

Besøksadresse fast eiendom:

Kartverksveien 21, Hønefoss

Ekspedisjonstid kl 09:00 - 14:00

 

Adresse borettslagsandeler:

Kartverket Ullensvang

Tinglysing borettslag

5788 Kinsarvik 

Pant i burett etter brl. § 2-13 - lovendring

[ Av: Torstein Gullbrå. Publisert: 18.06.08, oppdatert: 08.09.09 ]

Den 1. juli 2008 blei burettslagslova § 2-13 endra. Frå dette tidspunktet vil tinglyste pant i avtale om burett etter § 2-13, automatisk gå over til å hefte i andelen når denne blir overførd til forbrukaren.

I samband med større utbyggingsprosjekt i burettslag vil bustadane ofte vere innflyttingsklare til forskjellige tider. Utbyggjaren har då høve til å inngå avtale med forbrukarar om at dei ferdige bustadene blir tekne i bruk før den formelle grunnboksheimelen til burettslagsandlane blir overdregen. Det blir då tinglyst ein burett til fordel for forbrukaren, og innan to år må utbyggjaren også overføra heimelen til burettslagsandelen.


Buretten er eit formuesgode som kan pantsetjast. Frå 1. juli 2008 vil tinglyste rettar i burettane automatisk gå over til å hefte i andelen når denne blir overførd til forbrukaren. Dette har særleg praktisk verdi for panterettar.


Ved tinglysing av heimelsoverføring frå utbyggjar til forbrukar, der forbrukaren allereie har ein tinglyst burett og buretten er pantsett, vil registerføraren av eige tiltak slette buretten og overføre panteretten til andelen. Innsendaren treng ikkje å be om at dette blir gjort. Dersom det ikkje er ønskjeleg at rettane skal overførast, må dette gå klart fram av det som tidlegare er tinglyst.