I Geodataplanen 2011–2014 er det sett opp at Statens kartverk Bergen skal fokusere på kommunane si avvikling av eldre saker som er rekvirert før 2010
(delingslovsaker), og på å innføre gode rutiner for handsaming av saker etter matrikkellova. I løpet av 2011 og 2012 vil vi
derfor invitere oss til samtlege kommunar i Hordaland og Sogn og Fordane.
Møteinnhaldet er:
- Fullføring av mellombels forretningar etter delingslova
- Status på kvaliteten i matrikkelen for kommunen
- Kompetansekrav og kompetansebehov
- Tidsfristar for arbeidet etter matrikkellova
- Finansiering av arbeidet etter matrikkellova
- Samanheng mellom plan- og byggesaksbehandling og matrikkelføring
Møtet varer ca. 2 timer. For at møtet skal ha noko føre seg må kommunen kunne stille med den eller dei som er ansvarlege for
kommunens organisering og ressursbruk (økonomisk og personell) for dette arbeidet (teknisk sjef eller tilsvarande). Det er
også ønskjeleg at rådmann og ordførar deltek på dette møtet. Dei som fører opplysningar i matrikkelen bør også delta.
Pr. 1. juni 2011 er møter gjennomført for 16 kommunar. Møtene er satt opp i aktivitetskalenderen som er vedlegg til geodataplanen,
og vert revidert fortløpande etter behov. Detaljplan for 2012 er ikkje laga.
Evt. spørsmål kan rettast til Audun Bruflot audun.bruflot@statkart.no, 32 11 87 35 eller Britt Anne Bergfjord, britt.bergfjord@statkart.no, 32 11 87 33



