Jamfør matrikkellova si § 21 er kommunen offisiell styresmakt for adressering.
Rettleiaren skildrar adressesystemet med fordeling av administrative og politiske oppgåver i kommunane og vil difor vere særs
viktig for kommunane i dette arbeidet.
Rettleiaren vil òg vere til nytte for andre offentlege og private verksemder i samband med kunde-/adressesystem og for å finne
fram til aktuelle bygningar, objekt eller stader. For andre brukarar av adresser kan rettleiaren vere viktig for forståinga
av tildeling og forvalting av adresser.
Rettleiaren er eit supplement til lovtekst og forskrift med merknader og bør nyttast saman.



