Lova gir reglar for :
- fastsetjing av skrivemåten for stadnamn i offentleg samanheng
- kven som har plikt til å bruke fastsette skrivemåtar
- fleirspråkleg (norsk, samisk, kvensk) namnebruk
- saksbehandling ved namnevedtak
- framgangsmåte ved klage på namnevedtak
- Sentralt stadnamnregister (SSR)
Lova gjeld ikkje fastsetjinga av sjølve namnet ("namnedåp").
Hovudregelen i lova er at skrivemåten av stadnamn skal byggje på nedervd lokal uttale, tilpassa rettskrivingsreglane i norsk (nynorsk eller bokmål), samisk (nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk) og finsk. Men ein skal ikkje alltid følgje vanleg rettskriving. Forskrifta til lova seier til dømes at ein som hovudregel skal skrive tjønn og tjenn i staden for tjørn og tjern der uttalen er slik.
Før vedtak vert gjort, skal alle namn ut til høyring i lokalmiljøet og gjennomgåast av statens namnekonsulentar. Ein skal ta meir omsyn til lokale ynskje enn tidlegare, då skrivemåten vart fastsett etter "føresegner om skrivemåten av stadnamn". Denne tidlegare forskrifta inneheldt reglar om såkalla "riksformer", som skulle brukast over heile landet, uavhengig av uttalen. Til dømes skulle ein skrive vatn ( Maridalsvatnet ) i staden for Maridalsvannet (i Oslo) og Sæter i staden for Seter (i Rissa).
For fleirspråklege område er regelen at samiske og kvenske namn som vert nytta av folk på staden, til vanleg skal brukast på kart, skilt, i register m.m. saman med eventuell norsk namneform.
Statens kartverk er vedtaksorgan for skrivemåten av alle naturnamn i landet (namn på vatn, elver, myrer, fjell, lier, dalar), for seternamn og for nedervde bruksnamn. Statens kartverk er òg vedtaksorgan for skrivemåten av stadnamn i all statleg samanheng dersom ikkje anna er vedteke i lov eller forskrift. I praksis tyder det at Kartverket vedtek skrivemåten av dei fleste av namna som vert brukte på kart. Denne vedtaksretten er delegert til dei einskilde fylkeskartkontora. Skrivemåten av namn på kommunale anlegg (vegar, torg, skular osv.), bustadfelt og tettstader m.v. vert fastsett av kommunen.
Det er ikkje meininga at alle stadnamn i landet skal behandlast på nytt etter lov om stadnamn. Mange namn har allereie ein skrivemåte som er uproblematisk. Etter lova skal det offentlege halde fram med å nytte dei namneformene som er i bruk frå før, inntil det eventuelt vert gjort namnevedtak etter reglane i lova.



