Tinglysing i burettslagsandelar

Generelt om tinglysing

Kontaktinformasjon

Tinglysingstelefonen

32 11 88 00 (08.00 - 14.00)

e-post: tinglysing@statkart.no

Telefaks fast eiendom 32 11 88 01

Telefaks borettslag 32 11 86 02

 

Nyhetsbrev

Påmeldingsskjema


Adresse fast eiendom:

Kartverket Tinglysing
3507 Hønefoss

 

Besøksadresse fast eiendom:

Kartverksveien 21, Hønefoss

Ekspedisjonstid kl 09:00 - 14:00

 

Adresse borettslagsandeler:

Kartverket Ullensvang

Tinglysing borettslag

5788 Kinsarvik 

Identifisering av burettslagsandel i grunnboka

[ Av: Espen Blomdal. Publisert: 20.10.06, oppdatert: 18.03.10 ]

Ein burettslagsandel blir identifisert i grunnboka med ein unik andelsidentifikasjon. Andelsidentifikasjonen er basert på burettslaget sitt organisasjonsnummer og eit andelsnummer.

Andelsidentifikasjonen er bygt opp på følgjande måte: Burettslaget sitt organisasjonsnummer (ni siffer) og eit unikt andelsnummer (maksimalt fem siffer). Desse svarar til kommune-, gards-, bruks-, feste- og seksjonsnummer for fast eigedom.

Eit fiktivt eksempel på identifikasjon av ein burettslagsandel er:
Kinsarvik burettslag, org. nr. 948 561 358, andel 58.


Ved melding til Tinglysing burettslag er det viktig å bruka korrekt andelsidentifikasjon.

  • Ein må bruka korrekt andelsidentifikasjon på dokument som skal tinglysast. Dokument med feilaktig identifisering av burettslagsandel vil normalt bli returnert utan dagbokføring, jf. tinglysingslova § 7.

  • Skal ein bestilla utskrifter frå grunnboka, må bestillinga innehalda korrekt andelsidentifikasjon.

  • For å sikre rask og effektiv handtering av spørsmål til kundesenteret, må ein ha tilgjengeleg korrekt andelsidentifikasjon ved spørsmål om burettslagsandelar. Til orientering gir ikkje kundesenteret ut opplysingar om kva burettslagsandel ein namngitt person er heimelshavar til.

Ved tinglysing av burettslag, krev tinglysingsstyresmakta at andelane blir identifiserte med ein talverdi med maksimalt fem siffer. For nokre burettslag har dette kravet ført til ei endring av opphavleg identifisering av andelane. Er ein i tvil om kva som er korrekt andelsnummer, kan burettslaget sin forretningsførar informera om dette.