Nedlasting frå ftp-server
Fylkesmannen i Nordland har bygd opp ein database med kommune- og reguleringsplanar, både stadfesta planer og planforslag, til hjelp i si eiga sakshandsaming. Dei fleste planane har Fylkesmannen skanna og georefereret sjølv, men nokre av dei skanna planane har dei fått/kopiert frå kommunar og andre. For at andre og skal kunne få nytte av desse planane har Fylkesmannen lagt dei ut på ein ftp-server: Skriv/kopier ftp://80.89.35.22 inn i adressefeltet i Utforsker og skriv inn Brukernavn ftpfm og Passord arealplan. Planane ligger i directory Arealplan og er ordna etter om dei er kommuneplan eller reguleringsplan og om dei er ute til ettersyn eller er stadfesta. Planane er ikkje klipt i omrisset, så tegnforklaring framgår av kartet.
Dersom det er problemer med å få kontakt med serveren hos Fylkesmannen (eller andre servere) kan programmet FileZilla kanskje løyse problemet, se veiledning.
Dei skanna planane er stort sett på MrSID-format. MrSID-formatet består av 2 filer som høyrer saman: Ei .sid-fil som inneheld rasterbildet og ei .sdw-fil som inneheld hjørnekoordinatane til rasterfila. Både .sid-fila og .sdw-fila bør kopierast fra ftp-serveren til eigen PC/server før dei opnas.
2 gratis viewere som les MrSID er ArcGIS Explorer og ExpressView. Arc GIS Explorer les MrSID-filer saman med andre filer, mens ExpressView bare kan lese 1 MrSID-fil av gangen. Til gjengjeld gjer ExpressView eit betre og skarpare bilde enn ArcGIS Explorer. Se Veileding for installasjon og bruk av ExpressView.
ISY WinMap og ArcGIS les MrSID-format direkte. GIS-LINE les ikkje MrSID-format, men GIS-LINE 4.1 kan lese GeoTIFF-filer. ExpressView (se ovenfor) kan konvertere MrSID til GeoTIFF og andre rasterformat. Ønsker de konvertering til TIFF utan tap av data kan de kontakte Fylkesmannen om dette (sjå kontaktadresse lenger ned).
Fylkesmannens FTP-server har dessverre ikkje ei komplett samling av kommune- og reguleringsplanar fra Nordland. For det fyrste får ikkje Fylkesmannen tilsendt alle planer, for det andre er ikkje Fylkesmannen ferdig med å scanne og georeferere alle planane dei har i arkivet sitt. FTP-serveren blir oppdatert med nye planer seks gonger i døgnet.
wms-tenester
Fylkesmannen har sett opp 5 wms-tenester med arealplandata for Nordland. Dette kjem som eit supplement til nedlastingsopplegget vha. FTP. Desse wms-ane fungerar dessverre ikkje tilfredstillande i alle GIS-verktøy og kartløsningar, dei fungerer t.d. dårlig i kartklienten til GeoNorge.no.
Tenestene er levert i versjon 1.3.0 av wms-standarden. Mange klientar taklar ikkje 1.3.0. Det kan for desse tenestene hjelpe å skrive &VERSION=1.1.1 bak wms-adressa. Det vil gje ein 1.1.1-versjon av wms-en, noko dei fleste taklar.
Planområder (kun planområder for alle typer planer, vises ikkje under målestokk 1:100000)
wms-adresse: http://kart.fmno.no/ArcGIS/services/Planomrader/Planomrader/mapserver/WMSServer.
Reguleringsplan, ettersyn:
wms-adresse: http://kart.fmno.no/ArcGIS/services/Planomrader/ReguleringsplanEttersyn/mapserver/WMSServer.
Reguleringsplan, vedtatt:
wms-adresse: http://kart.fmno.no/ArcGIS/services/Planomrader/ReguleringsplanVedtatt/mapserver/WMSServer.
Kommuneplan, ettersyn:
wms-adresse: http://kart.fmno.no/ArcGIS/services/Planomrader/KommuneplanEttersyn/mapserver/WMSServer.
Kommuneplan, vedtatt:
wms-adresse: http://kart.fmno.no/ArcGIS/services/Planomrader/KommuneplanVedtatt/mapserver/WMSServer.
Kartteneste
Fylkesmannen har også laga ei eiga kartteneste med desse arealplankarta, se http://kart.fmno.no/plan/.
ArcGIS-geodatabase
Brukarar av ESRI-programvare kan og laste ned det Fylkesmannen har av planer på vektorform. Planane ligg i ESRI sitt geodatabaseformat og dei følgjer SOSI-standarden. Geodatabasane ligg på ftp-serveren (se ovanfor) under katalogen/directory 1800_Plankatalog.
Kontaktperson hos Fylkesmannen er Sveinung Råheim, tlf: 75 53 15 59.



