Eit samrøystes storting har vedteke at framlegget til ny geodatalov godkjennast, og dei samtykka samstundes til å ta inn INSPIRE-direktivet
som ein del av EØS-avtalen.
Før lova formelt vert godkjent, må ho sanksjonerast av Kongen. Dette er ein formalitet, og skjer som regel nokre veker etter
handsaminga i stortinget. Når lova er sanksjonert får ho dato og nummer.
Viktig for Kartverket
Geodatalova inneber at Statens kartverk, som nasjonal geodatakoordinator, skal koordinere arbeidet med landet sin infrastruktur
for geografisk informasjon. Les meir...
Kartverket skal samordne arbeidet med å dele data, etablere felles nasjonale løysingar og kontrollere gjennomføringa og bruken
av den felles landsomfattande infrastrukturen for geografisk informasjon.



