Mellombels forretning var eit virkemiddel i delingsloven § 2-6. Kommunane kunne etablere eigedom utan at eigedommen var ferdig innmålt og kartfesta. Kommunane kunne kreve at kartforretning var gjennomført og grensene var merka, men det var ingen einsarta praksis på dette. Minimumskrava for å kunne gjennomføre mellombels forretning var at vilkåra for å halde kartforretning var til stades. Det vil seie at delingstillatelse måtte være på plass, vilkår i delingstillatelsen oppfylt og eigedommen tilfredsstillande identifisert og kartfesta. Kommunen hadde frist på 3 år for å fullføre forretninga.
For heile landet var det registrert 19223 slike saker pr. 04.03.2010, og fleirtalet av sakene var eldre enn 3 år. I samband med at matrikkellova har erstatta delingsloven, følgjer Kartverket opp kommunane si fullføring av desse gamle sakene etter delingsloven. Dersom sakene ikkje er fullført innan utgangen av 2012, må dei fullførast etter reglane om oppmålingsforretning i matrikkellova.
Hovudverkemiddel for kommunane er som følgjar:
Dei med eit fåtall antall saker: Setje sakene på arbeidsplanen.
Dei med mange saker: Bedre kommunen si kapasitet med å fullføre sakene med å anten tilsetje fleire medarbeidarar eller å setje bort måle og merkjearbeidet
til andre. Statens kartverk kan bidra med eksempel på bortestjing av slikt arbeid.
Statistikk for Hordaland og Sogn og Fjordane. Statistikken viser også saksavviklingen sidan 30.01.2009.



