18.februar 2008 var ein merkedag for Statens kartverk Ullensvang. Løysingane for å ta imot elektronisk tinglysing av pantedokument
for andelar i burettslag var då på plass. Elektronisk tinglysing er eit område Statens kartverk skal satse på i tida framover.
For fast eigedom starta den elektroniske tinglysinga av pantedokument allereie tysdag 5.juni 2007. DNB NOR Bank ASA er den
einaste banken som er med så langt, og ein ser starten som svært vellykka.
E-tinglysing vil kunne vere eit fyrste skritt mot ei heilintegrert elektronisk saksbehandling, frå kunden tek den fyrste kontakten
med banken om ein lånesøknad og til lånet er inne på kontoen til kunden. I dag må mykje av ein slik prosess gjerast manuelt
med papir som blir sendt fram og tilbake. I framtida vil dette kunne gå mykje raskare.
Les meir om prosjektarbeidet kring elektronisk tinglysing.