Prosjektet Digitalt planregister - Pilot Nordhordland, fortel om sine erfaringar knytt til etablering og bruk av digitalt
planregister i regionen. Den teoretiske ramma for eit digitalt planregistersystem er såleis prøvd ut, og praktisk gjennomført
så langt som det var mogleg ut frå dei tekniske løysingane som har vore tilgjenglege.
Lov, forskrift, produktspesifikasjonar, datamodell, MD sin veileder og lovkommentarar er samanhalde, og gjev dei konklusjonar
som denne rettleiaren fortel om.
Kommunane vil ved oppfylte lovkrav ha eit verktøy som gjer analog planinformasjon lett tilgjengeleg i digital form, gratis
på internett. Publikum, sakshandsamarar og vedtaksorgan får ved det ein oversiktleg og brukarvenleg informasjonskanal som
dei kan nyttiggjere seg.
Vedlegga til rettleiaren er supplerande tillegg til hjelp for kommunane og andre ved etablering og forvalting av digitale
planregister som skal tilfredsstilla det nye lovkravet.
Digitalt planregister, Pilot Nordhordland.
[ Av: Eva Mortensen. Publisert: 25.10.10, oppdatert: 25.10.10 ]Det er no blitt ferdigstilt ein rettleiar frå pilotprosjektet i Nordhordland. Rettleiaren gjev ei innføring i etablering, drift, forvalting og vedlikehald av digitalt planregister.



