Hilde Lillelid Jacobsen (GIS- og landbrukskonsulent) har i ein rapport orientert om sitt arbeid med innføring av planregister i Meland kommune i Hordaland. Rapporten tek føre seg kva ein må tenkje igjennom, og dei val som må tas føre og under digitaliseringa. Den er høgst lesverdig med mange gode råd til praktikarane i kommunane sitt planregisterarbeid, ein dokumentasjon som sikkert svært mange vil ha nytte av og som dei vil kjenna seg att i. Rapporten er dessutan skreven på ei lettlest og morosam måte. Les rapporten her.
Digitale planregister - erfaringar frå Meland kommune
[ Av: Ida Rørbye. Publisert: 23.06.10, oppdatert: 23.06.10 ]Digitale planregister - Ein overføring av informasjon frå analogt arkiv og sakshandsamars hovud, til digitalt planarkiv på internett, er tittelen på ei rapport som er verd å lese før kommunen set i gang med å digitalisere dei analoge planane sine.